|
|
|
Slik søkjer du plass i barnehagen
Søknad skal gjerast elektronisk. Søkjarane skal gå inn på linken under, fylle ut søknadskjemaet og sende det nettbasert.
Oversyn over tilbodet og rettleiing til søkinga finn de til høgre på sida.
NB: DET ER VIKTIG Å VELGE RIKTIG SKJEMA FØR DU LOGGAR DEG PÅ!
Dersom du loggar deg på før du har valt skjema får du ikkje tilgang.
Elektronisk søknadskjema
Selje kommune har dette tilbodet:
Flatraket barnehage, Selje barnehage og Stadlandet Oppvekstsenter: 5,4 eller 3 dagar a 9 t/d . Ytre Stad skule og barnehage: 3 eller 4 dagar a 6 t eller 8,5 t (ma,ty,to)
Ved å følge linken "Elektronisk søknadskjema" nedanfor, kjem de inn på SØKNADSSENTERET. Nede på sida må de først velje den digitale skjemaet som heiter "Barnehage - ny plass/endring av plass".
Deretter kan de logge på for å få tilgang til å fylle ut skjemaet. For dei som ikkje har vore inne og fått passord tidlegare, klikkar då på "Ny bruker". Då brukar de eiga epostadresse som brukarnamn, og som ny brukar får de umiddelbart tilsendt passord på denne (eiga) epostadressa. Dette passordet brukar de så for pålogging. (Det ligg elles også ei brukarrettleiing der de kjem inn i påloggingsbildet)
Viss de ikkje har epostadresse, finn de ei enkel rettleiing til oppretting av epostadresse under linken "Opprette epostadresse" under.
Så er det å starte utfyllinga av søknadskjema. Dersom barnet allereie har plass i barnehagen, velg "endring av plass".
Når skjemaet er ferdig utfylt klikkar de på "send". Som det går fram i skjemaet, skal evt. vedlegg sendast i posten i vanleg papirformat. Desse sender de då til Selje kommune, 6740 Selje, og merkar det "vedlegg barnehagesøknad".
Er det spørsmål i samband med søknaden, kan de vende dykk til barnehagen.
Til høgre finn de også link til vedtektene med opptakskriterier.
Publisert av
Bård Fløde.
Sist endra 01.09.2010
|
|
|
|
|
|
|
|