|
|
|
 Publisert 11.02.2008
I medhald av §27-2 i plan- og bygningslova (pbl.) har Selje kommunestyre gjort reguleringsvedtak for reguleringsplan Leikanger sentrum – reguleringsendring for gbnr.24/143 (Reed-buda).
Reguleringsplan med endringar vart vedteke av Selje kommunestyre i møte den 27.06.07 i sak PS 50/07. Reguleringsendringa omfattar m.a. omregulering av eks. eigedom frå kombinert føremål forretning/industri til byggjeområde herberge og bevertningsstadar.
Reguleringsplanen med føresegner er å finne under artikkelen.
 Publisert 11.02.2008
I medhald av §27-2 i plan- og bygningslova (pbl.) har Selje kommunestyre gjort reguleringsvedtak for reguleringsplan Vestkapp.
Reguleringsplanen vart vedteke av Selje kommunestyre i møte den 17.12.2007 i sak PS 102/07. Reguleringsplanen omfattar regulering av eit areal på om lag 38 da på Vestkapplatået til område for herberge/bevertningsstadar og friluftsområde (gbnr.35/12 og 20).
Reguleringsplanen med føresegner er å finne under artikkelen.
 Publisert 07.02.2008
I medhald av §27-2 i plan- og bygningslova (pbl.) har Selje kommunestyre i møte 27.06.2007, sak PS 046/07 vedteke reguleringsplan for Ervik kyrkjegard.
Reguleringsplanen omfattar i hovudsak gravplass, bevaringsområde, friområde og offentlege trafikkområde.
 Publisert 07.02.2008
I medhald av §27-2 i plan- og bygningslova (pbl.) har Selje kommunestyre i møte 17.12.2007, sak PS 100/07 vedteke reguleringsendring for Djupedalsvegen II.
Reguleringsendringa omfattar i hovudsak omregulering av eksisterande spesialområde – campingplass til byggjeområde for fritidsbustader.
 Publisert 25.04.2007
Endring av reg.plan Sande, Stadlandet.
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova (pbl) har Selje kommunestyre i møte den 14.03.2007 i sak PS 017/07 vedteke endring av reguleringsplan for Sande.
Reguleringsendringa omfattar i hovudsak omregulering av ein del av eksisterande friområde – idrettsanlegg til spesialområde – privat småbåtanlegg på land.
Reguleringsplanen med føresegner er å finne under artikkelen.
 Publisert 25.04.2007
Ny reguleringsplan - Moldestadneset
I medhald av § 27-2 i pbl har Selje kommunestyre i møte den 14.03.2007 i sak PS 016/07 vedteke reguleringsplan for Moldestadneset.
Reguleringsplanen omfattar i hovudsak to byggjeområder for til saman 14 fritidsbustader, samt eit naustområde.
Reguleringsplanane med føresegner er å finne under artikkelen.
 Publisert 08.11.2005
I medhald av Plan- og bygningslova §27-1 pkt.2 vert reguleringsplan for utviding av Ervik kyrkjegard lagt ut til offentleg ettersyn i tida 10.11.2005 - 08.12.2005.
Reguleringsplanen omfattar i hovudsak utviding av gravplass, friområde og offentlege trafikkområder.
 Publisert 12.10.2005
I medhald av Plan- og bygningslov §27-1 vert det hermed varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplan på gbnr. 34/3 i Honningsvågen – Ytre Stadlandet.
Evt. merknader til reguleringsarbeidet må sendast til Selje kommune v/Formannskapet innan 4. nov. 05. Spørsmål vedkomande planarbeidet kan rettast til servicekontoret eller Stein Inge Refvik i Selje kommune tlf. 57 85 85 00.
 Publisert 12.10.2005
Selje formannskap har i sak 119/05 i medhald av plan- og bygningslova § 20-5, vedteke å legge framlegg til rullering av gjeldande Trafikktryggingsplan ut til offentleg ettersyn.
Planframlegget vert utlagt i tida 15.10.- 15.11.2005 på kommunehuset i Selje, Wik Daglegvarer AS på Flatraket og Stadt Servicesenter AS på Stadlandet.
 Publisert 21.09.2005
Nå kan du administrer din fastlege på nett.
|
|
|
|
|
|
|
|