|
|
|
 Publisert 09.07.2009
Den nye ungdoms- og folkehelsekoordinatoren har eit breitt arbeidsfelt innanfor sine 50 stillingsprosentar. På den eine sida skal koordinatoren arbeide med born og unge -- på den andre sida arbeide med folkehelse for innbyggjarar i alle aldrar. Det vil vere fleire område der desse to arbeidsfelta kan arbeidast saman.
Eit tiltak som vonleg kan engasjere til fysisk aktivitet ute i naturen ( for alle aldrarar), er denne foto-konkurransen/ stafetten som ho presenterer her:
Dette er ein konkurranse for alle innbyggjarar i Selje Kommune.
Du må:
- Gå på tur!
- Finn ein nydeleg (og trygg) plass å hoppe
- Ta bilde
- Send bildet med namn, alder og kvar bildet er teke til maria.helgesen@selje.kommune.no
JUMP FOR JOY J
 Publisert 12.05.2010
20 april var MOT på Stadlandet oppvekstsenter og Selje skule. Tema var modige forbilder.
 Publisert 29.01.2010
2- 3 februar er det tid for Selje Kommune si første UmM skulering.
Ni elevar fra 9 og 10 klasse på Stadt og Selje skule skal på kurs på Harpefossen i lag med UmM fra Vågsøy.
 Publisert 25.01.2010
31 januar fristen for å melde seg på ungdommens kulturmønstring!
Meld deg på her
Sang, dans, dikt, skuespill, kunst, film,miming,stand up,MOT skuespill/sang ++ alt er lov og DU er <3 velkommen!
UKM er ikkje ein konkurranse,men ein måte å vise fram det DU likar å holde på med! Eg håpar at ungdommen i år brukar fantasien og overraska skikkelig! :) Eg gledar meg!
Er det noko du lurer på om UKM kan du ringe meg ,Maria på:41436275 (det kan feks. vere om du manglar nokon å spele med eller treng hjelp til å velge ut ein sang ,lure på om du melde deg på med ein rulleskodans?+++ ikkje nøl med å ta kontakt! =) Eg skal svare på spørsmåla dine og prøve å hjelpe deg so godt som eg kan!
 Publisert 08.10.2009
Selje Kommune er ein stolt MOT kommune!
MOT til å leve
MOT til å bry seg
Mot til å seie nei
Er du ein 9 klassing med litt ekstra MOT ??
Då kan du få vere med i Undom med MOT!
 Publisert 01.10.2009
No kan ein få lære seg å bokse med instruktør, Daniel Dalsbø.
Laurdag 10 oktober kl 12.00
gymsalen på Stadlandet oppvekstsenter
Aldersgruppe: fra 10 klasse
Max 10 stk på kvar trening.
Pris kr 60 pr. gang
Ring å meld deg på! Daniel Dalsbø: 97487351
(er det altfor få eller ingen som melder seg på blir treninga avlyst- er pågangen stor kan daniel halde fleire økter på ei helg)
 Publisert 17.09.2009
Kajakkpadling er good feel trim og ein får mange flotte opplevingar ,også på hausten.
Selje Kommune har kajakkar med komplett utstyr til utleige !
Kajakklageret er no oppdelt. Det ligg no 3 kajakkar i Ervikja. Til utleige.
(Det er også mulig å leige kun våtdrakt )
 Publisert 20.08.2009
Barne og ungdomsrådet og ungdoms/folkehelsekoordinator er godt fornøgd med aktivitetsdagen i Ervikja 14 august.
Forskjellige aktivitetar,god mat,artig foredrag med Halldor Skard,diskotek,karaoke,fin kunst og masse kjekke folk.
 Publisert 09.06.2009
11 positive og ivrige ungdommar var på kurs i fridykking i Selje (5 - 7 juni-09) Med Kjetil Drange som instruktør og det fine veiret, vart det ei spennande og artig helg utan om det vandlege.
 Publisert 19.05.2008
8. mai var MOT på besøk i 9. klassane på Stadlandet Oppvekstsenter og på Selje skule. Tema var modige førebilete.
Det er to flotte niande klassar vi har i Selje kommune, og det er berre kjekt og MOTiverande å få treffe desse ungdomane. Reflekterte ungdomar som er flinke til å sette ord på kva dei føler og meinar om kvardagen sin. Og som veit å sette pris på kvarandre.
|
|
|
|
|
|
|
|