Selje haustfjell(1).jpg
Småikon skriver skrift kart lyd Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkartLes teksten høgt
 

Kvalitetsløft for barnehagane i Selje kommune

Det siste halvåret har alle barnehagane i Selje kommune teke del i eit utviklingsprosjekt som har har hatt fokus på  m.a. leiarane i barnehagane. Gjennom dette tiltaket har vi innførd resultatleiing som metode for barnehageområdet i kommunen. Arbeidet med kvalitetsheving av innhaldet i barnehagane i kommunen er difor godt i gong (jmf. Kvalitetsmeldinga).

Prosjektet starta med at innleigd kompetanse møtte alle tilsette i barnehagane i mai --og gjennom dette motiverte og sette startskotet for tiltaket. Styrarane og dei pedagogiske leiarane har hatt fleire treff med Marianne Zalik før prosjektet vart avslutta med ei ny felles-samling i midten av november

Barnehagane har etablert ei felles plattform for leiing med følgjande kjenneteikn:

Barnehagen i omverda. Samspel mellom styringssignal frå stat, kommune, samarbeidspartar og brukarar.

 Krav og forventningar som ligg til dei ulike leiarrollene er avklart.

Rolla som pedagogisk leiar er definert og gjort meir tydeleg i organisasjonen.

Kvalitet i innhald er sett på dagsorden i barnehagane og i avdelingane

Leiarane nytter same metode og arbeider systematisk med utvikling av det pedagogiske innhaldet i barnehagane.

Målretta arbeid med kvalitet, læring og utvikling i organisasjonen. (lærande organisasjon)

Felles leiarforum for leiarane i barnehage er etablert. Møte 3 g/å.

 

     Felles fagleg standard for alle barnehagane.

Alle barnehagane har felles fokusområde.

Alle avdelingar utarbeider arbeidsmåtar for å innfri den faglege standarden.

Alle medarbeidarar medverkar i arbeidet med å utforme beste praksis.

Medarbeidarar justerer eigen arbeidsmåte og avdelinga sin arbeidsmåte for å kome på eller over standard.

 

   Tydelegare leiing - kjenneteikn:

Medvitne leiarar som vil utvikling av kvalitet.

Engasjerte medarbeidarar som syner større interesse for det faglege innhaldet i arbeidet.

Møteplassane har endra karakter og form. Planlagde møter med tidsstyring og faglege drøftingar.

Fleire leiarar er meir medviten om eigen åtferd og kommunikasjon.

Tydelegare samanheng mellom styringssignal og praksis.

Klåre krav og forventningar til arbeidsmåte og innsats i heile organisasjonen frå overordna leiing til ; frå styrar til ped-leiar; frå ped-leiar til medarbeidar.

Medarbeidarar står fram som myndiggjorte. Den einskilde leiar og medarbeidar har fått oppfølging

      Medverknad til utvikling.

Medarbeidarar i barnehage tar del i  læring og utvikling av eigen kompetanse gjennom det systematiske arbeidet .

Medarbeidar tek ansvar og arbeidar sjølvstendig.

Medarbeidarar avleverer og deler resultat og  kompetanse med andre.

 

     Framdrift og kontinuitet.

Det er vald nytt fokusområde og sett ny standard.

Felles leiarforum sikrar avlevering av resultat og kontinuitet i det systematiske arbeidet.

 Arbeidet er forankra i overordne leiing.

Overordna leiing i kommunen vil etterspørje framdrift  og resultat hos styrarane. 

 

På ei samling for alle tilsette i barnehagane i Selje kommune avslutta vi prosjektet med ein presentasjon av arbeidet med det første felles fokusområdet og den felles faglege standarden for dette området. Dei tilsette imponerte både med oppnådde resultat, med presentasjonane og med den glød og iver dei synte for arbeidet sitt! 

No er prosjektet av slutta, men det som er gjengjeve i punkta ovanfor er no blitt ny standard for innhaldet i barnehagane i kommunen.  

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 23.11.2009
Skular og barnehagar
Informasjon Publisert 13.07.2009

Forskrift for skulerute for grunnskulen i Selje kommune er vedteken i samsvar med tilråding frå Fylkesmann og Fylkeskommune.

Informasjon Publisert 06.04.2009
Hakkebakkeskogen

Det er tradisjon på Ytre Stad skule og barnehage å arrangere påskelunsj saman med foreldre og besteforeldre. På onsdag stilte alle familiane opp med litt mat, ein ost, makrell i tomat, tomat og agurk, kaviar, kokte egg eller liknande. Summen vart eit enkelt, men hyggeleg måltid.

Informasjon Publisert 08.03.2009
Jubileum 7
Søndag 8. mars var det stor feiring på Ytre Stad skule og barnehage.
Barnehagen feira 20 år og den nye skulen 10 år.
Informasjon Publisert 25.09.2008
Skårfjord
Sjuande klasse ved Selje skule har vore på rotur med åttringen "Skårfjord".
På bildet ser vi elevane som øver på å ro i takt.
Informasjon Publisert 29.08.2008
Vikingtog 1
Fredag 29. august er det barnehagedag i Selje. Barnehagane frå heile kommunen møtes i Selje sentrum til opptog på Nabben.
Informasjon Publisert 19.05.2008
MOT modige forbilde Selje
8. mai var MOT på besøk i 9. klassane på Stadlandet Oppvekstsenter og på Selje skule. Tema var modige førebilete.
Det er to flotte niande klassar vi har i Selje kommune, og det er berre kjekt og MOTiverande å få treffe desse ungdomane. Reflekterte ungdomar som er flinke til å sette ord på kva dei føler og meinar om kvardagen sin. Og som veit å sette pris på kvarandre.
Informasjon Publisert 02.05.2008
handball
Torsdag 24 april hadde elevar frå Stadlandet skule invitert til skulehandballturnering for Åheim, Stadlandet og Selje skule i Olivinhallen
Informasjon Publisert 31.01.2008
ukm2007c
Ungdommens Kulturmønstring i Selje kommune 2008 blir arrangert i Stadlandet Grendahus 9. februar.
Påmeldingsfristen er ute, og det er rekordstor påmelding---noko som lovar ei fin mønstring laurdag 9. februar!
Informasjon Publisert 04.09.2007
Gjenvinning
Stadlandet Oppvekstsenter har vunne nasjonal pris for beste skule i gjenvinning av elektrisk avfall.
Informasjon Publisert 28.08.2007
Sophus opning
Mandag 27. september var det ofisiell opning av Nordfjord sin nye kunnskapsportal "Sophusportalen" i Stryn Kulturhus.
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no