Selje haustfjell(1).jpg
Småikon skriver skrift kart lyd Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkartLes teksten høgt
 
Informasjon Publisert 15.04.2010
I kajakk i Vanylvsfjorden

Selje Kommune har utleige av kajakk.
Våren er her og det er på tide å ta seg ein padletur!

Skal du leige kajakk i tida 9. juli til 5. august 2010?. Sjå her

Informasjon Publisert 16.02.2010

Det var ei flott ungdommens kulturmønstring i Stadlandet Grendahus lørdag 13 februar!

Det var fullt hus og både kunsten, musikken og menneska gjorde kvelden til ei flott oppleving!

 

Informasjon Publisert 21.12.2009
Banner Opplev Selje

No opnar vi ein ny portal gjennom nettsida til Selje kommune. Ute til høgre finn du eit banner med teksten "Portalen Opplev Selje" ---og klikkar du på dette banneret, kjem du inn i den nye portalen.

Portalen Opplev Selje skal vere ei teneste for alle innbyggjarane i Selje og alle som ynskjer å besøke Selje kommune, eller ynskjer informasjon om kva dei kan oppleve i kommunen vår.

Du kjem også til portalen gjennom adressa www.opplevselje.no.

Informasjon Publisert 01.10.2009
Daniel Dalsbø

No kan  ein få lære seg å bokse med instruktør, Daniel Dalsbø.

Laurdag 10 oktober kl 12.00

gymsalen på Stadlandet oppvekstsenter

 

Aldersgruppe: fra 10 klasse

Max 10 stk på kvar trening.

Pris kr 60 pr. gang

 Ring å meld deg på! Daniel Dalsbø: 97487351

(er det altfor få eller ingen som melder seg på blir treninga avlyst- er pågangen stor kan daniel halde fleire økter på ei helg)

 

 

Informasjon Publisert 17.09.2009
Kajakk-kveld

Kajakkpadling er good feel trim og ein får mange flotte opplevingar ,også på hausten.

Selje Kommune har kajakkar med komplett utstyr til utleige !

Kajakklageret er no oppdelt. Det ligg no 3 kajakkar i Ervikja. Til utleige.

(Det er også mulig å leige kun våtdrakt )

Informasjon Publisert 10.07.2009
Sara på trekkspel

Selje kulturskule har ledige plassar i undervisning i trekkspel.

Informasjon Publisert 14.04.2009
Illustrasjon kulturminneåret

Kulturminneåret: Tildeling av prosjektmidlar er i gong

Sogn og Fjordane utmerka seg med mange søknadar på midlane som Norges kulturvernforbund no har delt ut i høve Kulturminneåret 2009. Det var stor sett frivillige lag og organisasjonar som stod som søkarar på dei tre ulike pottane som det kunne søkast midlar frå.

Informasjon Publisert 28.03.2009
Kongevegen 3

Selje kommune er rikt på kulturminne, og nokon av kulturminna er av stor regional og nasjonal verdi. Fyrtårnet mellom kulturminna i kommunen, er Selje kloster og helgenanlegg. Det er det einaste klosteret som både var helgenstad, kloster og bispesete. Det er det største og best bevarde klosterruinanlegget i landet. Tusenvis av menneske vitjar årleg denne staden. Riksantikvaren har dette ruinanlegget som eit av dei høgaste prioriterte i sitt nasjonale ruinprosjekt. Dette kulturminnet er omtala andre stadar i portalen.

 

Informasjon Publisert 15.02.2009
UKM09  d
Laurdag 14. februar vart Ungdommens Kulturmønstring vellukka avvikla i Stadlandet Grendahus med 30 ungdommar som aktørar på scene og i utstilling.
Informasjon Publisert 06.02.2009
Johanne
Stadlandet Oppvekstsenter arbeider godt med å ta vare på viktige kulturminne i skulen sitt nedslagsfelt. Fredag 6. februar hadde 3. og 4. klasse eit fint program med framføring av eige arbeid og med gjester.
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no