Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
Turtips
Selja og Stad
Informasjon Publisert 31.08.2010
Broder Ole, Æresmedlem i Vener av Selja kloster

Benediktinarmunken broder Ole og sokneprest Kari Leine Balog er hovudpersonane når "Venner av Selja kloster" inviterer til kulturkveld i Sunnivafestspela i Selje. Kulturkvelden er i Doktorgarden torsdag 2. sept klokka 1800 (merk tida, det er feil i det oppsette programet).

Informasjon Publisert 27.08.2010
Sunnivakoret

Koret har fått eit godt rennome som det beste koret på lang lei. Dette er ikkje uventa; dei har hatt intense øvingar under leiing av Prots. Dei har hatt mykje samarbeid med Ytre Suløen. Denne konserten har dei utvida repertoaret sitt. Henning Sommerro er ein av dei nyare gode komponistane, arrangørane og musikkutøvarane. Storkonserten sundag har mest musikk der Henning Sommerro er involvert på ein eller fleire måtar. Dette er blitt eit veldig godt resultat av. Vi har god grunn til å glede oss til konserten sundag.

Informasjon Publisert 26.08.2010
Lyset frå Selja 04

Ei veke der vi legg vekt på kultur knytt opp mot Sta. Sunniva og området rundt heilagstadene.
Vi har mange typar arrangement: konsertar. kulturkveldar, vandringar i Sta.Sunniva sitt rike med program ved Sunnivahellaren.
Det strekkjer seg frå opningskonserten med Sunnivakoret, eit kor som har svært høg kvalitet, dirigert av Prots og med Henning Sommerro som utøvande kunstnar, til fakketoget over Seljesanden til keltisk prega kveldsbøn i Seljekyrkja.
 Vi tek turen til Hakallestranda, med si nære tilknytning til Stad, til Ervik der vi opnar det nye "Sunnivaskrinet", til Leikanger med ei spesiell kyrkjesoge, Til Åheim med "Himmelblått" i St. Jetmundskyrkja. Vi får og gjester frå Polen: Eit av dei beste kora der er på rundreise, og dei vert å høyre i Selje.
Utøvarane i Sunnivafestspela er både profesjonelle kunstnarar og  høgt kvalifiserte amatørar. Sjå nettsida vår www.Sunniva.org, og tak turen!

Sunnivafestspela 2010

Informasjon Publisert 10.08.2010
Kystgeita

kystgeita og kystgeithaldet i Selje er unikt i Noreg, men står i fare for å bli vekke for alltid. Nokre eldsjeler sette søkelyset på dette på 90-talet.

Kystgeitlaget i Selje vart stifta i 2000 som resultat av dette arbeidet.
Geitene i Selje er siste rest av ei spesiell norsk rase som kan gå ute heile året, lever i eit hardt kystklima, lette på foten og har sterke bein. Rasen vert halden for kjøtproduksjon, har meir kjøtfyllde enn mjølkegeit.
I tillegg er dei framifrå kulturlandskapspleiarar som burde vore mykje meir brukt for å hindre attgroing.

No jobbar Norsk genressurssenter, Norsk landbruksmuseum og Nordfjord folkemuseum saman med det lokale kystgeitlaget for å auke bevissheita om kystgeita sin nytteverdi.
 
"At det er få geiter igjen, gjer at dei er uttryddingstrua. Det er fare for innavl, men det er også etter kvart mangel på folk som vil drive med geit. Det burde blitt meir lokal fokus på å motivere folk å drive med kystgeit slik at vi sikrar bestanden framover." seier formann i Kystgeitlaget i Selje, Sidsel Otnes.

Det vert utstilling, smaksprøver og diverse program.
Middag etter påmelding.
Kontaktperson: Sidsel Otnes: sidsot8@gmail.com
Ta med kle og sko til å vere ute i.

Dato: 14. august

Tid : 11:00 - 00
Arrangør : Kystgeitlaget i Selje Stad 
Ytre Stad skule og barnehage 

Meir informasjon om kystgeita finn du i vedlagde faktaark
 

Informasjon Publisert 29.07.2010

29 juli til 1 august blir SeinSommarfestivalen arrangert for 8. gang på Stadlandet.

Seinsommarfestivalen har som ønske å forkynne Jesus evangelium til ungdom, slik at dei kan komme til tru og vekse vidare i trua.  I år får vi besøk av David Hasseløy og Per Eivind Kvammen. Desse er respekterte pastorar. Vi får også besøk av bandet Humming People, desse kjem til å halde konsert Fredags kveld. På Laurdags kvelden kjem Paul Grønseth ha ein lovsongskonsert. Der er alle invitert til å komme i lag for å synge lovsongar.

Det vil også bli tid til mange sosiale og kjekke aktivitetar som volleyball, traktorrygging, bading, surfing og mykje anna kjekt.

SSF er eit samarbeid mellom Filadelfia Stadlandet,  Ytre Stadt Normisjon,, Stadlandet Normisjon, Nordfjord Bibelsenter og Den Norske Kyrkja.

Informasjon Publisert 29.07.2010
Jonathan Jessop

Selje og Vågsøy har i sommar vært så heldige å få besøk av den berømte tenoren Jonathan Jessop. Fredag 30. juli går Jessop på podiet i Selje kyrkje kl. 19. Jessop er en særs dyktig songar. Han underviser også i piano og musikkteori og er Cantor of Holy Trinity church i Cambridgeshire i Aust-England. Jonathan Jessop vil framføre Songs of Travel - ein songsyklus av Ralph Vaughan Williams basert på dikt av Robert Louis Stevenson og A Shropshire Lad av den engelske poeten Alfred Edward Housman, tonesett av komponisten George Butterworth. Jessop vert akkompagnert av dei lokale virtuosane Jon Inge Sigerland, Hans-Joachim Schüttke og Ralph Cupper. Det heile krydrast med solostykke på orgel.

Billetter ved inngangen. Vaksne kr. 100,-. Barn gratis.

Selje Sokneråd er arrangør.

Informasjon Publisert 27.07.2010

Ta ein pause på reisa, besøk ei VEGKYRKJE.

Ein annleis rasteplass.

Vegkyrkja er for menneske undervegs.
Vegkyrkja gjev kvile for kropp og sjel.
Det gjer godt å besøke ei vegkyrkje.

Ervik kyrkje er ope 28/6 - 13/8 -2010
måndag - fredag kl. 1100 - 1700

Ervik kyrkje ligg i Ervika på ytre Stad, ca 15 km frå Stadlandet (Leikanger)

Enkel servering.

Ervik sokneråd

Informasjon Publisert 26.07.2010
Hoddevik

Yoga klasser på låven i Hoddevik i sommar!
Pust og strekk deg og kjenn at det er liv.

Torsdagar og Fredagar kl. 10.00 og kl. 18.00
Laurdag kl. 10.00
Søndag kl. 15.00

Det er Gry Hansen som har yoga klassane, og desse klassane er åpne for alle.

Stad Yoga
gry@krimp.no
Stad Surfing 57 85 69 44

Informasjon Publisert 05.07.2010
Fotoutstilling
Velkommen til sommarutstillingar ved Nabben i Selje sentrum. Klosterutstillinga i Selje har opna for sesongen. I år er den permanente utstillinga utvida med ei fotoutstilling med tema frå Sunnivaleia - pilegrimsleia frå Kinn til Selje.
Informasjon Publisert 05.07.2010
Sunnivaleia Berstad

Prøvevandrarane i Sunnivaleia hadde ein flott tur frå Rimstad til Berstad laurdag 3. juli i lag med Stadt naturguiding. Denne vegen har ei lang historie som ferdselsåre - tjodveg, postveg og kyrkjeveg, og no som i middelalderen, pilegrimsveg til Selja.

Informasjon Publisert 21.06.2010
Klosterutstillinga

 Eit teikn på at sommaren og turistsesongen står for døra, er at no opnar utstillinga om Selje kloster og Sankta Sunniva igjen. Utstillinga vert opa kvardagar frå 12-16 og startar måndag 21. juni. Arkitektar er Anne Aspen og Alf Tore Hommedal frå Bryggens Museum.

Klosterutstillinga inneheld ei kronologisk framstilling av historia om klosteret og helgenanlegget. Ho vert presentert meir som ei faktautstilling enne gjenstandsutstilling, sjølv om det og finst nokre intressante ting frå klosteret der. Lasse Føde har og omarbeidd bildepresentasjonane om kven som har Sankta Sunniva som inspirasjonskjelde i kunsten sin.

Litt seinare kjem ei spennande fotoutstilling om pilegrimsvandring. Følg med!

Informasjon Publisert 04.06.2010
Freya

Du trudde kanskje at radar på Kjerringa var noko nytt? På slutten av siste verdskrigen var Kjerringa eit svært viktig strategisk punkt for det tyske Luftwaffe, med fleire radaranlegg, radiosamband med fly, radiolinjeutstyr for telefoni og fjernskriver og jagerkontrollsenter!

 

Informasjon Publisert 27.05.2010
Sunnivahola

Sunnivaleia er ei nyoppretta pilegrimslei frå Kinn til Selja. Begge desse øyane er sentrale i legendene om Sunniva, og det er naturleg å knyta dei saman med ei pilegrimslei. Leia går over sjø og land. Strekningar over sjøen skal føregå med offentleg kommunikasjon, rutebåt og ferje. Ein går heile leia på ei lita veke.
I veka før Seljumannamessa på Selja 4. juli i år, vert det arrangert ei prøvevandring langs leia, med start i Florø måndag 28. juni kl 15. Overnattingar på Kinn, Smørhamn, Dalheim på Bremangerlandet, Ulvesund fyr, Fjordly på Bryggja, Selje.

Informasjon Publisert 27.05.2010
Helga Odden Reksnes

Fotominneboka frå konferansen er nå ferdig. Her finn du også annan dokumentasjon frå konferansen

Informasjon Publisert 09.04.2010

Utstillinga har utgangspunkt i at Munkeliv kloster på Klosteret (Nordnes) vart oppretta ca. 1100, altså for 900 år sidan, som det første av i alt fem kloster i mellomalderbyen Bergen. Utstillinga vektleggjer Munkeliv kloster spesielt og klosterlivet i mellomalderbyen Bergen generelt. Kvar låg klosteranlegga og kor markerte var dei i bybiletet? Korleis fungerte anlegga og prega livet til bergensarane i mellomalderen? Og kva klosterliv har dagens Bergen? Klosteret på Selja hadde handelshus i Bergen og har fått ein plass i utstillinga.

Velkommen inn i vårt claustrum i overgangen mellom ny og gammal tid! 

Les meir på bymuseet.

Informasjon Publisert 19.03.2010
Fagmøte i selje

 Det årlege regionmøte mellom Riksantikvaren og fylkeskommunane på Vestlandet vart halde på  Selje Hotel 17.-18. mars med kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune som arrangør og vertskap. Tilstades var  representantar frå  Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bergen Museum og Bergens Sjøfartsmuseum. 

Dette er eit fellesforum for diskusjon og orienteringar om forvaltning, arbeid i felt, informasjon og skjøtsel av kulturminne. Inger-Marie Aicher Olsrud orienterte om Riksantikvarens ruinprosjekt og Berit Gjerland orienterte om kulturminneregistreringa på Selja våren 2009. 

Bjørn E. Jensen frå  Klosterprosjektet orienterte om erfaringar frå skjøtsels- og konserveringsprosjektet på Selja og var guide for ein tur på Selja. Der fekk dei og ei orientering av John Cowell om problematikk og gode løysingar for murverket i middelalderruinar generelt og Selja spesielt. Møtet vart lagt til Selje denne gongen fordi mange hadde ynskje om å få ein ekskursjon til Selje kloster og helgenanlegg. For dei fleste var dette det første besøket på Selja.

Informasjon Publisert 04.02.2010
På Knutholmen

Prosjektgruppa og inviterte ressurspersonar har vært samla eit døgn på Knutholmen i Bremanger til ein idédugnad kring visjon, overordna mål, strategiar og prioriterte tiltak for Sunnivaleia - ei pilegrimslei frå Kinn til Selja som er under utvikling. Ei engasjert gruppe ga mange gode innspel til det vidare arbeidet med leia. På bakgrunn av ei forstudie som var klar hausten 2009 skal no føremål med Sunnivaleia konkretiserast og ein må velje strategiar og virkemiddel. Løyper skal merkast og ryddast, lokalbefolkning og sokneråd må engasjerast. Deltakarane diskuterte også visuell profil, erfaringar frå pilegrimsvandringar i heile Europa og korleis ei turhandbok for Sunnivaleia bør sjå ut. Viss alt går etter planen vil Sunnivaleia bli offisielt opna i 2011. I forkant av Seljumannamesse i år blir det arrangert ei prøvevandring frå Kinn til Selja. Den startar 28. juni på Kinn. Meir informasjon om prøvevandringa kjem snart.

Informasjon Publisert 04.02.2010
Reiseklar
Vestlandets største reiselivmesse heiter Reiseklar og blir arrangert i januar kvart år, i 2010 var det 22.-24. Tradisjonen tru er Reisemål Stryn & Nordfjord godt representert, denne gongen med fem deltakarar.
Informasjon Publisert 23.12.2009
Klosteret

I 2005 vart det bestemt at Selje kloster- og helgenanlegg skulle inn i Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt tiårige ruinprosjekt. Omfanget er basert på tilstandsrapport frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) og på lokalt utarbeidde vurderingar. Inneverande år har ei budsjettramme på nær tre millionar, der 2,5 mill. kjem frå eit samarbeidsprosjekt med Rksantikvaren ,og resten frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Selje kommune. Stikkord for arbeidet i 2009 er murkonservering, kulturlandskapsskjøtsel,  laserscanning og kulturminneregistrering.

Informasjon Publisert 22.12.2009
Hoddevik

Regjeringa peikte i 2009 ut 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket, som skal få ei særskild skjøtsel og forvaltning. Området Hoddevik - Liset på Stadlandet er eit av desse områda - særprega av kystgrender med gardslandskap og kystlynghei. Området inkluderer også Ytre og Indre Fure, Drage, Årdal og Skårbø. Dei utvalde landskapa vil fungere som nasjonale referanseområde og utstillingsvindauge for særprega, representativ og verdifull natur og kulturhistorie knytt til jordbruket i Noreg. Forvaltning og skjøtsel av områda skal baserast på frivillig deltaking der staten inngår avtale med interesserte gardbrukarar og grunneigarar om tilskot til utføring av viktig skjøtselsarbeid. Her finner du brosjyre om Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 

 

Informasjon Publisert 21.12.2009
Banner Opplev Selje

No opnar vi ein ny portal gjennom nettsida til Selje kommune. Ute til høgre finn du eit banner med teksten "Portalen Opplev Selje" ---og klikkar du på dette banneret, kjem du inn i den nye portalen.

Portalen Opplev Selje skal vere ei teneste for alle innbyggjarane i Selje og alle som ynskjer å besøke Selje kommune, eller ynskjer informasjon om kva dei kan oppleve i kommunen vår.

Du kjem også til portalen gjennom adressa www.opplevselje.no.

Informasjon Publisert 15.11.2009
Flott aktør på opninga av kulturnatta

Kulturnatta i Selje viser at kulturlivet i kommunen blomstrar.

Sjå omtale av kulturnatta her 

Informasjon Publisert 13.11.2009
Fagmøte

Representantar for Riksantikvaren, Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og fylkeskulturavdelinga formidla sine ferske funn frå vårens og sommarens dokumentasjonsarbeid ute på Selja. Ordførar i Selje og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, representantar for Næringsutvalet i Selje, kyrkja og lokale reiselivsrepresentantar var ivrige tilhøyrarar. Det var brei semje om at både laserscandata og arkeologiske funn må formidlast til eit breiare publikum.  Både turistar, fagmiljø og skulesektoren blei nemnde som aktuelle målgrupper. Prosjektleiarane for Selja kloster- og helgenanlegg og "Selja og Stad" skal på bakgrunn av diskusjonen, utarbeide konkrete skisser for korleis ein kan realisere det formidlingspotensialet som ligg i funn og data.

 

 

TURISTINFORMASJONEN
webmaster
Kontaktinformasjon
_
_
Opplev Selje
Sunnivahuset
Kommunehuset
6740  Selje
 
E-post : opplevelje@gmail.com
 
 
Telefon : Redaktør:95823080
Faks : 57858501
Mobil : 95143941/ 90658676
Galleri
Flister
Flister
Fotograf: Marit Refvik
Levert av ACOS AS
Selja og Stad Helga Odden reksnes