|
Kva skjer?
| | må | ty | on | to | fr | la | sø |
|---|
| 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | | 29 | 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 |
Livssituasjonar
| Offentleg informasjon frå stat og kommune ordna etter tema. |
|
|
|
|
|
|
 Publisert 05.03.2010
Søknad skal gjerast elektronisk. De finn informasjon og link til søknadskjema på heimesida til Selje kommune: http://www.selje.kommune.no/artikkel.aspx?AId=966&MId1=1&MId2=259 (-menypunkt "barnehagesøknad")
Dei som ikkje har utstyr til elektronisk søking sjølve, kan gå til bibliotek, barnehage eller kommunehus.
Andre spørsmål kan rettast til barnehagen.
Selje kommune har dette tilbodet:
Flatraket barnehage, Selje barnehage og Stadlandet Oppvekstsenter: 5, 4 eller 3 dagar a 9 t/d.
Ytre Stad skule og barnehage: 3 eller 4 dagar á 6,5 timar eller 8,5 timar . Her må vi ta atterhald om barnetalet blir stort nok til å oppretthalde tilbodet.
Søknadsfrist er 19. mars
 Publisert 04.03.2010
Selje kommune ved eigedomsavdelinga, søkjer etter ungdom over 18 år som kan arbeide sjølvstendig med forfallande arbeid. 100 % stilling / 37,5 t veke. Arbeidsperiode: 21.06. - 20.08.2010
Søknadsfrist: 12. april 2010.
Søknadskjema her.
 Publisert 04.03.2010
Kommunelege I: Vår kommunelege I vil no slutte etter nær 30 års teneste. Denne stillinga er ledig frå 1.7.2010. Kommunelege I er tillagt ansvar for medisinskfagleg rådgjeving til den øvrige kommunehelsetenesta, almenmedisinske offentlege oppgåver og vanlege kurative oppgåver. Som kommunelege I vil legen ha det faglege ansvaret for legekontoret.
Kommunelege II: 100 % ledig frå d.d. Til heimelen kan det bli lagt inntil 7,5 t/v deltidsstilling innan allmenmedisinsk offentleg legearbeid etter avtale.
Les heile annonseteksten her
Søknadsfrist 31. mars
Søknadskjema her
 Publisert 03.03.2010
Sogn og fjordane fylkeskommune har idag lyst ut midlar til førebyggjande aktivitetar på områda fysisk aktivitet, ernæring og tobakk.
Frivillige lag og organsisajonar og offentlege instansar kan søkje om støtte til tiltak retta mot befolkninga generelt. Barn og unge og utsette grupper spesielt.
søknaden sendast til folkehelsekoordinator i kommunen.
maria.helgesen@selje.kommune.no
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/($All)/45155C4500344617C12576D900502F36?OpenDocument
 Publisert 03.03.2010
Møte i formannskapet 08.03.2010
 Publisert 23.02.2010
Møteplane for 2010 er klar
Sjå under
 Publisert 19.02.2010
OFFENTLEG ETTERSYN
Formannskapssak 005/10
Nordfjord legevakt - eventuell deltaking frå Selje kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset og heimesida til Selje kommune i tida 22.02. - 15.03.2010.
Evt. merknader sendast Selje kommune innan 15.03.2010.
 Publisert 19.02.2010
I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Venner av Selja, Bjørgvin bispedøme, Musea i Sogn og Fjordane og Nidaros Pilegrimsgård inviterer Selje kommune eit bredt spekter av pilegrimsaktørar, kommunar, fylkeskommunar, departement og relevante fagmiljø til kystpilegrimskonferanse i i april.
 Publisert 11.02.2010
 Publisert 11.02.2010
I medhald av Plan- og bygningslov §27-1 pkt.2 vert framlegg til reguleringsplan for naustområdet og området austover i Hoddevik lagt ut til offentleg ettersyn i tida 15.02.10 -17.03.10, og oversendt interessentar, naboar og fylkeskommunale- og statlege organ til handsaming/uttale.
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette området for camping, naust og rasteplass samt sanitæranlegg og parkering for området. Området er i dag avmerka som landbruk, natur og friluftsområde (LNF-område) i arealdel av kommuneplan.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Selje kommune
|
|
|
|
Kommunehuset
|
|
6740
Selje
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57858500
|
|
Faks
|
:
|
57858501
|
|
Org.nr.
|
:
|
970 541 705
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1441
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
09:00-15:00
|
|
Bilete for dagen
Leikong frå Hanekammen
Fotograf: b. Fløde
|