|
|
|
Kunngjering - Reg.plan Borgundvåg hamn - Endring
I medhald av § 27-2 i Plan og bygningsloven har Selje kommunestyre eigengodkjent/stadfesta fylgjande reguleringsplan: Borgundvåg Hamn - endring, sak KS-057/09
Reguleringsendring, Borgundvåg Hamn gjeld eit område på ca. 2,7 da som etter privat framlegg vert endra frå fiskeriretta industri til småbåtanlegg på land med inntil 8 doble naust, klubbhus og trafikkareal/parkering.
Reguleringsplan med føresegner kan De finne på kommunehuset i tillegg til våre heimesider.
Stadfestinga kan påklagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane innan 3 veker etter denne kunngjeringa. Evt. klage må være grunngjeven og skal sendast til Selje kommune, 6740 Selje.
Stadfesta reguleringsplan er bindande innafor planområdet for alle tiltak og arbeid som er nemnd i §§ 81, 84, 86a, 86b og 93 i Plan og bygningslova.
Krav om erstatning etter § 32 nr. 1 og/eller krav om innløysing etter § 42 i Plan og bygningsloven må være framsett seinast 3 år etter at planen er kunngjort. Krav om erstatning og innløysing skal rettast til Selje kommune.
Plan og Utvikling
Vedlegg:
Sak KS 057/09 Kunngjeringsbrev her Plankart her Reguleringsføresegner her Adresseliste her
Publisert av
Unni Eltvik Hovden.
Ansvarleg
Kristian Nave.
Sist endra 08.02.2010
|
|
|
|
|
|
|
|