Selje haustfjell(1).jpg
Småikon skriver skrift kart lyd Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkartLes teksten høgt
 

Ny portal for opplevingar i Selje kommune

Banner Opplev Selje

No opnar vi ein ny portal gjennom nettsida til Selje kommune. Ute til høgre finn du eit banner med teksten "Portalen Opplev Selje" ---og klikkar du på dette banneret, kjem du inn i den nye portalen.

Portalen Opplev Selje skal vere ei teneste for alle innbyggjarane i Selje og alle som ynskjer å besøke Selje kommune, eller ynskjer informasjon om kva dei kan oppleve i kommunen vår.

Du kjem også til portalen gjennom adressa www.opplevselje.no.

Portalen er eit resultat av arbeid i prosjektet "Selja og Stad", og vi ynskjer at dette skal vere ein "levande" nettstad med jamnlege oppdateringar.

For at den nye portalen skal bli best muleg, er vi avhengige av tilbakemeldingar frå dykk brukarar: vi ber difor om tilbakemeldingar på utvalet i portalen, og ber om at alle som har noko å bidra med på oppleving-sida i kommunen, gjev oss beskjed om kva som skal skje av ulike aktivitetar! Vi vil halde "årshjulet" i venstre-margen oppdatert --og er her avhengige av at lag ,organisasjonar og andre arrangørar av ulike arrangement, gjev oss melding om kva som skal skje i god tid!

Vi håpar at den nye portalen Opplev Selje både gjer det lettare å orientere seg i kommunen vår, og gjev deg lyst til å besøke denne vakre kommunen!

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 02.02.2010
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no